Ny verdiskapingsrapport for jordbruket i Rogaland
Store utfordringar for og endringar i jordbruksnæringa dei siste fem åra og eit utdatert talgrunnlag er grunnane til at ny rapport er etterspurt.
Rogaland bondelag har gjort avtale med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) om å utarbeide ein ny verdiskapingsrapport for jordbruket i Rogaland. Arbeidet blir finansiert av midlar frå Regionale tilretteleggingstiltak (RT) og Rogaland landbruksselskap.
Arbeidet er initiert av Landbrukspartnarskapet i Rogaland, fordi rapporten vi har i dag er frå 2019 der tal er henta frå 2017.
Viktig kunnskapsgrunnlag
Verdiskapingsrapporten har vore hyppig brukt som eit viktig kunnskapsgrunnlag for ei viktig næring i Rogaland. Jordbruket og jordbruksbasert verksemd er viktig for sysselsetting og verdiskaping i mange av kommunane i Rogaland. Vi viser mellom anna til dette når vi i desse dagar gir vår uttale til kommunale planstrategiar. Målet med arbeidet er å få auka forståing og merksemd om dei store verdiane som er knytt til jordbruksnæringa.
Store endringar i næringa
Jordbruksnæringa har vore gjennom store utfordringar og endringar dei siste åra, særleg unntaksåra 2020 og 2021. Det er slik sett ekstra aktuelt å få fram nye tal. Ny rapport vil vere basert på tal frå 2022. Samstundes må vi vere merksame på at det ikkje er så enkelt å samanlikne resultatet mellom dei ulike år, i ei næring som er avhengig av mange faktorar i det enkelte år. Eksempelvis har vi hatt variasjonar i vêrtilhøve og tidvis store prisvariasjonar på innsatsfaktorar.
Rapporten skal vere ferdig i september
Avtalen er at rapporten frå NIBIO skal vere ferdig i september 2024. Vi vil gå ut med informasjon straks rapporten ligg føre.
Hålandsvatnet får eigen verdiskapingsrapport
Ein verdiskapingsrapport for området rundt Hålandsvatnet er også bestilt, som ein del i prosjektet «Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet». Hålandsvatnet slit med dårleg vasskvalitet og prosjektet er ei stor fellessatsing for å mobilisere fram fleire tiltak. Det er viktig å sjå landbruket sitt samfunnsbidrag i samanheng med miljøtiltaka. Rogaland bondelag har motteke midlar frå klima- og miljøprogrammet til denne rapporten.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13