Matsystemutvalet ønskjer innspel

Leiar av Matsystemutvalet, statsforvaltar Bent Høie. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Ekspertutvalg leia av statsforvaltar Bent Høie ber om innspel frå aktørar i og rundt verdikjeda for mat.

Publisert 23.04.2025

Matsystemet for framtida skal greiast ut

I februar i år oppnemnde regjeringa eit ekspertutval som skal greia ut matsystemet i framtida, der folkehelse, klima, natur og landbruks-, havbruks-, fiskeri- og matpolitikk blir sett i samanheng. Utvalet skal mellom anna gjera greie for moglegheiter, utfordringar og dilemma i matsystemet for framtida. Arbeidet skal resultera i tilrådingar og tiltak som kan styrkja berekrafta i det norske matsystemet. Ekspertutvalet med Bent Høie i spissen hadde den første samlinga si i Oslo i mars.

Ønskjer innspel frå organisasjonar, institusjonar og næringsliv

I forkant av møte som finn stad 20. mai, ber ekspertutvalet om innspel knytt til følgjande:

  1. Kva er dei mest sentrale moglegheitene, dilemma og utfordringane i det norske matsystemet?
  2. Kva for tre–fem tiltak vil vera viktigast for å styrkja berekrafta i matsystemet i framtida?
  3. Eventuelt andre innspel direkte knytt til mandatet for utvalet

Sjå nettsida til regjeringa for å lesa meir om korleis du kan kome med innspela dine. Som næringsaktør vil det òg vera mogleg å delta fysisk på innspelsmøte 20. mai, eventuelt kan møtet følgjast live via stream, eller sjåast i opptak.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.