Høyringssvar om endringar i forskrift om investeringsmidlar

Lausdriftsfjøs i tre i Bjørheimsbygd.
Lausdriftsfjøs i tre i Bjørheimsbygd. Foto: Anfinn Rosnes.

Forslag til endringar i forskrift om investering og bedriftsutvikling i landbruket har vore på høyring. Den mest omdiskuterte endringa er å fjerne kommunen si formelle rolle i investeringssakene. Statsforvaltaren meiner den er viktig å ta vare på.

Publisert 23.12.2024

Høyringsutkastet er positivt for å harmonisere, forenkle, likebehandle og effektivisere søknadsprosess og saksbehandling.

Her er dei viktigaste innspela frå Statsforvaltaren:

  • Departementet vil tydeleggjere at utvikling av landbruksbaserte næringar gjeld andre landbruksbaserte næringar utanom dei tradisjonelle landbruksproduksjonane. Me oppfordrar departementet til å sikre at bedriftsutvikling i tradisjonelt landbruk ikkje mistar posisjon til å søke på tilskot til utviklingsprosjekt (ikkje investeringstiltak).

  • Me støttar at maksimal støttesats på inntil 50 prosent av kostnadene og inntil 5 millionar kroner per prosjekt, berre gjeld for investeringar i lausdriftsfjøs. Det er avgrensa med IBU-midlar, og omlegging til lausdrift er sterkt prioritert i Rogaland.

  • Me støttar at tilskot til kjøp av tenester til forstudie/ressurskartlegging i forkant av investeringar i produksjonsanlegg berre gjeld prosjekt innan tradisjonelt landbruk. Det er viktig at tildelingane speglar kompleksiteten i tiltaka for å få best mogleg nytte av midlane.

  • Det er føreslått at søkar i perioden mellom søknaden er levert og behandla av Innovasjon Norge, kan starte prosjektet og få dekka godkjente kostnader. Me meiner at endringa gir klare fordelar for søkar. Søkar kan spare tid og kan gjere tiltak i rett tid. Men, me trur at ordninga kan bli vanskeleg å handtere og kontrollere. Me trur og at Innovasjon Norge vil få fleire saker der det oppstår problem på grunn av for mange tiltak er påbegynt, eller for mykje arbeid (omfang) er utført før vedtakstidspunkt, og peikar på behov for å sikre likebehandling av søkarane.

  • Departementet føreslår at kommunen ikkje lengre skal ha formell rolle ved behandling av søknader eller kontroll etter forskrifta, eller ved sluttrapportering. Me meine at kommunen har ei viktig rolle i å vurdere og kontrollere at opplysningar i søknader er korrekte, og at omsøkt tiltak er i tråd med gjeldande regelverk. Dette gjeld ikkje berre Plan- og bygningslov, men og krav som gjeld drift i landbruket, til dømes spreieareal, lager for gjødsel, hald av dyr og beitekrav. Me meine og at det er uheldig at landbruksforvaltninga i kommunen blir kopla i frå denne delen av utviklingsarbeidet. Noko av suksessen for dei kommunane som lukkast med optimisme, pågangsmot og investeringslyst, er at landbruksforvaltninga er i nær dialog med bonden og følger hen i alle fasar av utviklingsløpet fram mot investering.

  • Me støtter departementet sitt forslag om å avvikle klagenemnda, men ønskjer at det skal vere ei form for klagebehandling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.