Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2024

Vinnarar av Bygdeutviklingsprisen 2018 for Rogaland: Lise Brunborg frå Stavanger ysteri og mjølkebonde Kolbjørn Anda
Vinnarar av Bygdeutviklingsprisen 2018 for Rogaland: Lise Brunborg frå Stavanger ysteri og mjølkebonde Kolbjørn Anda Foto: Stavanger ysteri.

Har du eller veit du av nokon som har starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbruket og bygdene sine ressursar? Vinnaren kan få heile 300 000 kroner. Frist for å melde inn kandidatar er 20. august!

Publisert 27.06.2024

Innovasjon Norge Rogaland deler kvart år ut denne næringslivsprisen til personar som har vist god evne til nyskaping og næringsutvikling innan landbruket. Då snakkar vi om tradisjonelt landbruk, og landbruksnæring i vid forstand. Vinnaren i Rogaland får eit diplom og prispengar på 50 000 kroner. Fylkesvinnaren skal i neste omgang ut og kjempe om den nasjonale BU-prisen og ytterlegare 250 000 kroner.

Det blir nominert tre kandidatar til den nasjonale prisen som blir invitert med til prisutdeling under Internationale Grüne Woche i Berlin januar 2025.

Kandidatane blir vurderte etter følgjande kriteria:

1. Berekraft

  • Økonomisk resultat/lønsemd
  • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp

2. Innovasjon og nyskaping

 

Frist for å melde inn kandidatar er 20. august.

I 2023 vann Torvholen Gard frå Klepp den regionale prisen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.