Aukar verdiskapinga i landbruket?

Tomatar i veksthus Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Ny verdiskapingsrapport viser positive tal for Rogaland. Noko meir vil vi ikkje røpe før lanseringa den 3. desember på Øksnevad vgs.

Publisert 21.11.2024

Rogaland Bondelag har i samarbeid med Landbrukspartnarskapet i Rogaland bestilt ny verdiskapingsrapport for landbruket i fylket. Lanseringa skjer på Øksnevad vgs 3. desember kl. 10 – 11.30.

Adresse: Jærvegen 990, 4351 Kleppe

Presentasjon

Ståle Hustoft frå Rogaland bondelag og landbruksdirektør Monica Dahlmo vil presentere rapporten som er laga av NIBIO og Østlandsforskning.

Det vil og bli intervjurunde med 2-3 aktørar knytt til landbruket.

Vi kan love kaffe og solskinnsbollar. Gratis, inga påmelding.

 

Verdiskapingsrapporten er finansiert av midlar frå Rogaland fylkeskommune og Rogaland landbruksselskap.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.