Ros til Skinka frå Suldal og Jæren Smak

Det vanka mykje ros då Matmerk nyleg delte ut Spesialitet-merket til Skinka frå Suldal og Jæren Smak. Dette er eit kvalitetsmerke for norskprodusert mat og drikke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.05.2015

Skinka frå Suldal er eit produkt utvikla i eit samarbeid mellom slaktarverksemda Brødrene Lundal, bonden Olav Vetrhus og andre mat-eldsjelar.

- Godt handtverk og tørking 640 meter over havet gjer at Skinka frå Suldal er i verdsklasse, sa Harald Osa frå fagjuryen i Matmerk.

Jæren Smak fekk spesialitet-merket for heile fem produkt av svin.
- Samarbeid og sterkt fokus på høg kvalitet i heile verdikjeda er nøkkelen til suksess, sa dagleg leiar Lars Kåre Linnerud frå Prima Smak.

Nina Sundqvist og Harald Osa frå Matmerk sto for den høgtidlege utdelinga av merka under eit arrangement i Måltidets Hus.
 
Spesialitet-merket er eit informasjonsmerke for norskprodusert mat og drikke, basert på dei beste lokale råvarene, særeigne lokale oppskrifter og laga av stolte fagfolk.

Les meir om saka hos Måltidets Hus.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.