Matministeren opna Gladmat i Stavanger

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum var på plass i Stavanger og opna Noregs største matfestival Gladmat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.07.2013

For 15. gang har Gladmat erobra Stavanger sentrum. Trygve Slagsvold Vedum opna festivalen i dag foran fleire hundre tilskodarar. Han oppfordra publikum til å vere stolt over matmangfaldet som Noreg og Matfylket Rogaland byr på og roste dei norske produsentane for dei kvalitetsvarene dei leverer. Før festivalen blei opna, blei også årets mat- og kulturpris delt ut til Ryfylkekokken Frode Selvaag for sitt glødande engasjement og sitt fokus på bruk av lokale råvarer.

Ved inngangen til festivalområdet er det eit torg med 20 lokalmatprodusenter frå Ryfylke og Haugalandet.

Frå utstillinga til Rymat under Gladmat 2013 i Stavanger. 

Frå utstillinga til Rymat.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.