Invitasjon til Den Jærske Matkonferansen 2013

Kom og bli ein del av mangfaldet Jæren og bruk dagen midt i matfatet. Matfatet Jæren og Fylkesmannen i Rogaland inviterar til inspirerande matkonferanse på Bryne torsdag 19. september.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.09.2013

Program:

0845 Oppmøte på Vidsyn 18.etasje på Høghuset på Bryne for vidsyn og innsyn

0900 "Mat langs nasjonale turistvegar" v/ Prosjektleiar Egil Ørjan Thorsen

0945 Matfatet Jæren sine medlemmar v/ Jone Wiig (frå taket på høghuset)

1015 "Lokalmat på menyen" v/Ryfylkekokken Frode Selvaag og kokk Endre Gabrielsen

1045 Bedriftsbesøk hos Jæren Småpotet AS, Malmin & Orre Kjøtt AS og Voll Ysteri

Det vert servert lunsj ca. kl 13 og det vert små overraskingar undervegs. Deltakarane vil bli frakta med buss og me er tilbake på Bryne om lag kl 15.

Bindande påmelding innan 12. september til David Njå på post@njaagarden.no
Det er plass til 50 deltakarar – første mann til mølla...

Medlemsbedrifter i Matfatet Jæren kr 700 eks mva.
Pris ikkje medlem kr 900 eks mva.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.