To ledige stillingar på landbruksavdelinga
Lyst til å mobilisere for ny næringsutvikling, økologisk landbruk og frukt-og grønsaksproduksjon? Eller arbeide med miljøutfordringane i landbruket? Vi har to ledige stillingar med søknadsfrist 21. januar. Her hos oss kan du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med gode fasilitetar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruksbasert næringsutvikling og økologisk landbruk
Statsforvaltaren skal ha landbruksfagleg spisskompetanse og samarbeide med regionale aktørar for å bidra til å nå mål om matproduksjon. Vi skal også bidra til å vidareutvikle økologisk jordbruk som ein del av landbruket i fylket. Vi er på jakt etter ein person som har kunnskap om landbruk, og som kan utvikle og leie prosjekt innan landbruksbasert næringsutvikling. Ein viktig del av jobben er å gjere kommunane gode i arbeidet og bidra i planprosessar på området.
Les meir om stillinga på jobbnorge.no: Rådgivar/seniorrådgivar - næringsutvikling (255442) | Statsforvaltaren i Rogaland (jobbnorge.no)
Miljøutfordringar i jordbruket
Rogaland har for tida 79,4 millionar kroner i Regionalt miljøprogram, der bøndene kan søkje regionalt miljøtilskot til ulike miljøtiltak på si driftseining. Vi treng ein person med gode samarbeidsevner som kan følgje opp Regionalt miljøprogram. Personen skal i tillegg arbeide med miljøkrav i regelverk for jordbruksdrift, særleg gjødselvareregelverket.
Les meir om stillinga på jobbnorge.no: Rådgivar/seniorrådgivar - miljøutfordringar i landbruket (255454) | Statsforvaltaren i Rogaland (jobbnorge.no)
Gode kollegar og fasilitetar
På landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Rogaland arbeider du saman med 21 kollegaer som dekker eit breitt fagområdet på landbruk. Vi liker å seie at vi er av den realistiske, optimistiske og engasjerte sorten. Kontorfasilitetane er gode, og Statens hus ligg nært Stavanger sentrum og kollektivknutepunkt.
Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillingane!