Store endringar i kommunal behandling av mindre vindkraftsaker

Olje- og energidepartementet foreslår fråfall av konsesjonsbehandling for mindre vindkraftanlegg i sitt forslag til endring av energilov med forskrift. Blir forslaget vedteke skal anlegg på inntil to vindmøller, med ein total effekt under 500 kW og ei høgde på i inntil 100 meter, behandlast av kommunane. Fylkesmannen er for endringane, med nokre justeringar, om det kjem klare retningsliner for den kommunale saksbehandlinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2013

Fylkesmannen stiller seg positiv til at kommunane får ei meir sentral rolle i planlegginga av kvar nye mindre vindkraftanlegg skal kunne etablerast, og godkjenning av slike anlegg. Føresetnaden er at vindkraft blir innarbeidd i kommunale planar i dei kommunane der slike anlegg er mest aktuelle.

Konklusjonen i vår uttale er at vi rår til følgjande:

  • Totalhøgda for vindkraftanlegg, som ikkje skal konsesjonsbehandlast, bør reduserast frå 100 meter til 80 meter. Dette er meir i samsvar med effektgrensa på 500 kW, og gir ein viktig reduksjon i landskapspåverknaden.
  •  Det bør krevjast reguleringsplan for alle vindkraftanlegg med to vindmøller/turbinar, og alle anlegg der totalhøgda på vindmøllene er over 40 meter.
  • På lik line med at NVE kan gi tidsavgrensa konsesjon bør det kunne setjast ei tidsavgrensing for kor lang tid ein tillet drift av eit gardsvindkraftanlegg i tråd med Landbruk Pluss, etter plan- og bygningslova. Alle typar små vindkraftanlegg bør få vilkår om ei tidsavgrensing, på lik line med tidsavgrensinga for anlegg som krev konsesjon. 
  • Når handteringa av dei mindre vindkraftanlegga blir flytta frå energilova til plan- og bygningslova, bør også ansvaret for utarbeiding av rettleiar og saksbehandlingsretningsliner flyttast frå OED til miljøverndepartementet (MD). Fordi landbruket er ein viktig aktør ved utbygging av småskala vindkraft, bør også landbruks- og matdepartementet (LMD) involverast i utforminga av rettleiar og retningsliner.
  • Det bør kome ei nærare avklaring på kva som er meint med ordet ”vesentlig” i setninga ”Hvis anlegget i det vesentlige forsyner garden med egen energi.”, i rettleiaren Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss. Vi meiner vesentleg bør vere minst 80 % av total stasjonær energibruk på garden, inklusiv bustadhus og eventuelle tilleggsnæringar.

Les heile vår høyringsuttale til endringar i energilov og energilovsforskrift her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.