Endringar i jordlova
Endringar i jordlova sine føresegner om verkeområde tredde i kraft 01.01.18. Endringane inneber at forbodet mot omdisponering (§9) og krav til delingssamtykke (§12) ikkje gjeld for tiltak med konsesjon etter energilova §3-1, vannressurslova eller vassdragsreguleringslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.01.2018
Ny § 2, 3. ledd lyd slik:
Føresegnene i §§ 9 og 12 gjeld ikkje for tiltak med konsesjon etter energiloven § 3-1, vannressursloven eller vassdragsreguleringsloven.
Føremålet med lovendringa er å gi ein enklare prosess for tiltakshavarar og kommunane der utbygging skal skje i tråd med gitt konsesjon.