Forslag til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova

Landbruks- og matdepartementet har no sendt på høyring forslag til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova. Høyringsfristen er sett til 26. september 2016. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2016

Eit av forslaga går ut på å heve arealgrensa for konsesjon, buplikt og odel frå 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord til 35 dekar. Fylkesmannen i Rogaland har i ein tidlegare nettartikkel gitt ein oversikt over kor mange eigedommar i fylket som blir råka av denne endringa. Forslaget vil gi om lag 3 % færre landbrukseigedommar med konsesjonsplikt, og om lag  8 % færre landbrukseigedommar med lovbestemt buplikt.

Dei øvrige forslaga inneber:

  • Oppheving av priskontrollen på reine skogeigedommar.
  • Priskontroll bare for bebygde eigendommar som består av både jord og skog, og som har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.
  • Innføring av hjemmel for forskrift om beløpsgrense ved priskontroll.
  • At det på bestemte vilkår blir fastsett unntak fra plikta til å søke delingssamtykke etter jordlova og plikta til å søke konsesjon dersom ervervet gjelder jord eller skog som skal leggjast til ein annan landbrukseigedom for å styrke drifta av den.
  • At det på bestemte vilkår blir fastsett unntak fra plikta til å søke delingssamtykke etter jordlova og plikta til å søke konsesjon dersom ervervet gjelder tomt til bustadhus, fritidshus eller naust.
  • Oppheving av ei rekkje vilkår for å oppfylle driveplikta ved bortleige, mellom anna kravet om at leigeavtalane må vare i minst 10 år.
  • At endeleg vedtak om tilbakebetaling av tilskot blir tvangsgrunnlag for utlegg.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Konsesjons- og buplikt

Bebygd eigedom med meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, og/eller meir enn 100 dekar totalareal, er konsesjonspliktig etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4.

Det er lovbestemt buplikt på eigedom med bustadhus med meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, eller meir enn 500 dekar produktivt skog, jf. konsesjonslova § 5 andre ledd. Buplikta er personleg og inneberer at eigar må busette seg på eigedommen innan 1 år og bo der minst 5 år.