Regional jordvernstrategi på høyring: Eit viktig initiativ
Rogaland fylkeskommune har teke eit viktig initiativ for å redusere nedbygginga av jordbruksjord gjennom ein eigen jordvernstrategi. Målet er at det maksimalt skal omdisponerast 400 dekar årleg. Fylkesmannen i Rogaland finn mykje positivt i forslaget.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rogaland er det første fylket som har laga ein eigen jordvernstrategi som oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien.
Nasjonal jordvernstrategi
4 000 mål dyrka mark årleg. Det er målet og den øvre grensa for omdisponering som Stortinget sette i Nasjonal jordvernstrategi i desember 2015. Stortinget ba regjeringa om ei nærare vurdering av verkemiddel for å nå målet. Regjeringa har lagt til grunn at den nasjonale jordvernstrategien blir følgd opp av kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn.
Prioritert arbeid
Ambisjonen er å etablere eit regionalt politikkdokument forholdsvis raskt, slik at det dermed kan vere eit sentralt grunnlag for dei kommande regionale og kommunale planprosessane.
Strategien er nå på høyring. Fylkestinget skal vedta han i løpet av året.
Vår vurdering av forslaget
Det framlagde dokumentet med mål og tiltak svarar på utfordringane og dei nasjonale forventningane. Vi framhevar særleg:
- Politisk vilje til jordvern
- God fortetting i byar og tettstader
- Endå betre arealplanlegging
- Fokus på jordvern i revisjon av regionalplanar
- Nydyrking kan ikkje erstatte nedbygging av jordbruksjord
- Landbruksnæringa må også avgrense nedbygging av jord
Du finn uttalen vår som vedlegg til denne nettsaka.
Høyringsforslag og anna aktuell informasjon finn du på Rogaland fylkeskommune si nettside. Høyringsfristen er 31. august 2018.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54