Motsegn eit nyttig verkemiddel for å ivareta nasjonale og regionale interesser

I følgje ein ny rapport frå Norce er motsegnsinstituttet eit viktig verkemiddel for å sikre at nasjonal og vesentlege regionale interesser blir ivaretekne i kommunale arealplanar. Det kjem elles fram at kommunar ofte mottek motsegn i samband med revisjon av kommuneplanar.

Publisert 26.03.2025

Rapporten frå Norce er laga på oppdrag frå Kommunal og distriktsdepartementet (KDD), der det er sett nærmare på korleis ordninga med motsegner blir praktisert.

Omfanget av motsegner

Av rapporten kan vi sjå at 97 % av kommuneplanar som var på høyring i 2023 blei møtt med motsegn, for Rogaland gjeld dette for alle dei 7 kommuneplanane som var på høyring. Kommuneplanprosessar er normalt relativt komplekse, og det er viktig å presisere at motsegner oftast gjeld mindre delar av planendringane. For reguleringsplanar får vi logisk nok eit lågare tal, då slike planar normalt skal vere i tråd med kommuneplan. I Rogaland blei  det ble i 2023 fremja motsegn til 53 av 129 (42%) reguleringsplanar. Elles kan vi lese av rapporten at det er Statsforvaltaren som har fremja klart flest motsegner til kommunale planar i perioden 2020-2024, og dette kan truleg forklarast med at Statsforvaltaren har relativt mange sektorinteresser som skal ivaretakast.

Tidleg dialog viktig

Undersøkinga som er gjort avdekker at tidleg dialog og involvering mellom kommunar og regionalt nivå er viktig for å få gode løysingar, og for å avgrense motsegner. Ei sentral utfordring er her kapasitet og ressursar hjå fleire statlege og regionale organ. Vi kan stadfeste at tidleg dialog er viktig, og samstundes har vi god erfaring med det å løyse saker med motsegn gjennom dialog og drøfting.

Mekling fungerer godt

Alle som er intervjua beskriv meklingsprosessane som gode og konstruktive. Statsforvaltaren får skryt for meklarrolla, og fleirtalet av informantane opplyser at dei fleste saker som går til mekling blir løyst. Statsforvalteren i Rogaland ser at det kan vere vanskeleg for ein kommune og å gjere avvegingar mellom ulike nasjonale og regionale interesser, sett opp mot lokale interesser. Det er slik sett ikkje uventa at nokre saker ender ut med motsegn, samstundes er det svært få saker som ikkje blir løyst før mekling. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.