Flytting av matjord
12. mars var det jordflyttingsseminar på Gjesdal Bygdahus, arrangert av Gjesdal bondelag, støtta med KMP-midlar frå Statsforvaltaren.
Tema for dagen var: Korleis gjenbruke matjord som blir nedbygd og flytta? Det var ein engasjert forsamling til stades, og det var fleire spennende foredragshaldarar. Alver kommune og NLR fortalde om korleis dei foretok ei velykka jordflytting i Hordaland, som dei fekk jordvernprisen for i 2021. I tillegg hadde Nibio og Risa AS, samt vår eigen landbruksdirektør Monica Dahlmo, gode innlegg om temaet.
Det vart prata om og diskutert utfordringar og praksisar knytta til flytting av matjord.
Me kom til einigheit om at det beste jordverntiltaket er å ikkje bygge ned matjord, men når avgjerdselen først er tatt er det viktig at jorda går tilbake til landbruket. På riktig måte!