Rogaland skal få sitt eige jordvernmål
Rogaland må setje ei eiga maksgrensa for kor mykje dyrka jord som kan byggjast ned årleg. Det slo fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal fast under landbrukskonferansen 2. mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rogaland er fylket i Noreg som omdisponerer desidert mest dyrka jord til utbyggingsføremål. Heile 12 000 dekar har blitt omdisponert dei siste 10 åra. 78 % av omdisponeringa har skjedd i Jærkommunane. Stortinget vedtok mot slutten av 2015 eit nytt nasjonalt jordvernmål. Målet inneber at det i heile landet maksimalt kan omdisponerast 4 000 dekar med dyrka jord årleg.
På landbrukskonferansen tok fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal til orde for at Rogaland må lage seg sitt eige jordvernmål. Ho kunne ennå ikkje seie kva dett målet skal vere, men var klar på at det måtte byggje på det nasjonale målet, og at Rogaland må ta sin del av reduksjonen i omdisponering av den dyrka jorda.
Odfører Kristine Enger i Randaberg meddelte i sitt innlegg at Randaberg skulle vere med å bidra. Randaberg er den av jærkommunane som omdisponerer minst dyrka jord, men situasjonen kan snu. Både vegprosjekt og bustadbygging set den dyrka jorda under press. Enger fortalde at dei i Randaberg konkret vurderer å flytte den langsiktige grensa for landbruk nokre stader, slik at meir jordbruksområde blir verna mot nedbygging.