Regional jordvernstrategi – nytt møte i ressursgruppa 02.02.2018
Arbeidet med den regionale jordvernstrategien går framover og eit nytt utkast er klart til truleg siste møte i ressursgruppa den 02.02.2018 før omarbeiding og framlegging for Fylkesutvalet. Strategien inneheld eit regionalt mål, og ei rekke med tiltak for å nå målet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prossessen og medverknad
I samband med det nasjonale jordvernmålet vedtatt av Stortinget i 2015 og vedtak i Fylkesutvalet i 2017, har Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland utarbeidde eit utkast til ein regional jordvernstrategi. Arbeidet er gjort i eit nært samarbeid, og med jamne møter i ei bredt samansett ressursgruppe.
Løysinga ligg i planarbeidet
Strategien legg opp til eit konkret jordvernmål som tek utgangspunkt i det nasjonale jordvernmålet. Ein stor del av arbeidet med strategien har vore å finne fram til nødvendige tiltak for å nå jordvernmålet. Utredninga viser at dei største grepa må gjerast innanfor bustad-, areal- og transportplanlegging, og gjennom effektiv utnytting av den bygde by og tettstad.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54