Opsjonsavtalar utfordrar jordvernet

Bynære jordbruksområde er under stadig utbyggingspress. Opsjonar, der utbyggarar og grunneigarar er samde om prisen på jordbruksareal og grunneigaren årleg mottek økonomisk kompensasjon, er utfordrande. Dette gjeld både jordvernet og dei demokratiske prosessane som fastset kva areal som skal byggast ut, og kva areal som skal sikre nasjonal matproduksjon. I Rogaland ser vi stadig nye døme på bruk av slike avtalar, spesielt på Nord-Jæren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2016

Landbruksdirektoratet tilrår endringar i jordlova slik at opsjonsavtalar om rett til utbygging av dyrka og dyrkbar jord blir forbode. Anbefalinga kom saman med rapporten «Opsjonsavtaler om utbygging av dyrka og dyrkbar jord – hvordan sikre åpenhet og begrense bruken?». Landbruksdirektoratet sitt inntrykk er at bruk av opsjonsavtalar er utbreidd nær tettstadar og byar i sentrale område.

Fylkesmannen i Rogaland deler inntrykket. Tradisjonelt har det vore lita openheit om desse avtalane. Men vi ser stadig nye døme på at dei finst, og at det er mange av dei. Det blei konkretisert i samband med arbeidet med kommuneplan for Sola 2015-2026. Ein stor utbyggaktør i regionen kom med forslag til heile 10 nye område for bustadbygging. Alle i LNF-område på feil side av langsiktig grense for landbruk, og fleire låg langt inne i «kjerneområde landbruk». Utbyggaren var i forslaget ærleg på at dette var areal der dei hadde skrive opsjonsavtalar med grunneigarane. Til saman utgjorde dette 728 dekar, der 542 dekar var jordbruksareal. Dette var ein utbyggar i éin kommune. Ser vi Jæren under eitt dreier det seg raskt om store areal.

 

Døme på areal spelt inn som nye bustadområde i Sola kommune ved siste kommuneplanrullering.

Fylkesmannen i Rogaland meiner det er eit klårt behov for regulering av opsjonsavtalar og eit generelt forbod mot slike avtalar. Grunngjevinga for dette er:

  • Opsjonsavtalar utfordrar det som skal vere opne demokratiske prosessar i arealforvaltninga og samfunnsplanlegginga
  • Opsjonsavtalar kan undergrave vedtekne kommuneplanar og regionalplanar og avklarte avgrensingar og utviklingsretning for by- og tettstadutbygging
  • Opsjonsavtalar utfordrar og kan undergrave spelereglane i plan- og bygningslova som skal ivaretakast, mellom anna rett til brei medverknad frå mange grupper og interesser i samfunnet
  • Opsjonsavtalar kan gi redusert interesse for aktiv jordbruksdrift frå eigar, og gi utfordringar innan familie, til dømes i forhold til investeringar og generasjonsskifte
  • Opsjonsavtalar er ein kostnad som må betalast av nokon, til dømes sluttkjøpar av bustad

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.