Ny kollektivbru på Forus endeleg opna
Fylkesmannen ser svært positivt på at ny kollektivbru over E39 på Forus no er opna. Brua er mellom anna eit resultat av Fylkesmannen si motsegn til reguleringsplan for Forus Næringspark i 2003.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen er ein aktivt deltakar i planprosessar der spørsmål om utvikling av Forusområdet er oppe til vurdering, på alle dei ulike plannivå. I særleg grad gjeld dette no gjennom arbeidet med ny Regionalplan for Jæren. Det er ei kjend sak at det er knyta store utfordringar til trafikkløysinga på Forus, og det må til ei sterk kollektivsatsing i dette området for å kunne nå det ambisiøse målet om null vekst i biltrafikken i storbyområdet. I dette ligg også spørsmålet om reguleringar av parkeringstilbodet.
Den aktuelle brua er eitt av fleire grep som må til for å få fleire reisande over frå bil til kollektive reiser på Forus. I uttale til den aktuelle reguleringsplanen, heilt tilbake til 08.10.2003, måtte Fylkesmannen ty til motsegn for å få miljøprioritert gjennomkøyring og ny bru over E39 inn som rekkefølgetiltak før vidare utbygging på Forus. Det var den gang negative reaksjonar på motsegna til føresegnene til planen. Ettertida har stadfesta at dette både var eit riktig og nødvendig bidrag for å løyse transportutfordringane på Forus.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13