Landbruksvikarordninga dekkjer heile fylket
I Rogaland blir det gitt støtte til om lag 22 årsverk innafor denne ordninga. Tilskotet skal medverke til at føretak med husdyr- og planteproduksjon får tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing under sjukdom og i krisesituasjonar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I jordbruksoppgjeret 2007 blei ansvaret for landbruksvikarverksemda overført frå kommunane til avløysarlaga. Endringa har gjort det lettare for bonden å få hjelp til avløysing.
Avløysarlaga organiserer ordninga
Bøndene må kontakte avløysarlaga ved behov for landbruksvikar. Landbruksvikar skal kome på kort varsel. Avløysarlaga har arbeidsgivaransvaret, med ansvaret for tilsetjingar og organisering av ordninga. Landbruksvikarar skal yte kvalifisert hjelp på føretak med husdyr- og planteproduksjon når det oppstår sjukdom, skade eller dødsfall hos den som har det daglege ansvaret for føretaket.
Tilskot
Avløysarlaga søkjer om tilskot, og sender søknadene til Fylkesmannen som gjer vedtak. Avløysarlaga får tilskot per årsverk landbruksvikarstilling for å sikre at det er tilgjengeleg landbruksvikar der det er behov. Fylkesmannen fordeler årsverk innafor sitt fylke. Ved fordeling skal det mellom anna leggjast vekt på husdyrtettleik, reiseavstand og kommunikasjon. Søknads- og rapporteringsskjema for avløysarlaga blir fastsett av Statens landbruksforvaltning. Tilskota blir utbetalt forskotsvis etter søknader 1. oktober året før.
Omfang
Tal årsverk på landsbasis er 240, derav 22 i Rogaland. Tilskotsatsen er kr 270.200,- per årsverk. Utbetalinga i 2012 utgjer om lag 6 millionar kroner tilsvarande støtte til 22 årsverk. Landbruksvikarordninga omfattar no alle kommunane i Rogaland.
Forskrift
Ordninga er heimla i forskrift om tilskot til landbruksvikarverksemd fastsett av Landbruks- og matdepartementet i samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.