Fylkesmannen skjerpar omsyn til jord og natur for ny E 39 Ålgård – Hove
Store vegprosjekt ved etablerte tettstader og i verdifulle natur- og landbruksområde gir store inngrep. Dette gjeld ikkje minst ny E 39 gjennom Sandnes og Gjesdal kommunar, og tverrsambandet vestover til Foss-Eikeland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forslag til firefelts E 39 går både i tunnel og i dagen, gir krevjande kryssløysingar og store inngrep i natur, landskap og på matjord. Kostnaden for vegprosjektet er vel 2 milliardar kroner.
I uttale til ny kommunedelplan for E39 og tverrsambandet legg Fylkesmannen vekt på at det er sterke samfunnsinteresser i å sikre god trafikkavvikling og auka tryggleik på denne delen av E39. Fylkesmannen er også glad for at det ved alle alternativ er lagt til rette for samanhengande gang- og sykkelvegnett mellom Ålgård og Sandnes.
Men ny E39 vil med auka bruk av privatbil svekka konkurranseevna for kollektivtrafikken. Fylkesmannen meiner tiltaket er i strid med nasjonale mål om redusert vekst i biltrafikken, reduserte klimautslepp, minimering av naturinngrep og omdisponering av matjord.
Fylkesmannen stiller spørsmål både til delar av vegstandarden og manglande alternativ med høgare prioritering av kollektivtrafikk.
Fylkesmannen har motsegner til delar av planforslaget, bl.a. ved Bråstein og Håland. Det er også gitt fagleg råd om traseval ved Limavatnet.
Heile fråsegna til Fylkesmannen finn du i lenka nedanfor.