Webinar om metodar for avfukting i veksthus

Norske tomatar. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Alle interesserte er invitert til webinar om avfuktingsmetodar i veksthus 29. mai kl. 12.00-14.30. 

Publisert 15.05.2024

Innovasjonsnettverket for veksthusnæringa inviterer til webinar om avfuktingsmetodar i veksthus. Webinaret er eit av fleire i ein serie webinar for å auka kunnskapen om meir klimavenleg veksthusproduksjon. 

Trykk her for påmelding! 

Program for webinaret: 

1. Energibehov, fukt og temperaturstyring i drivhus – erfaringar v/Elisabeth og Tor Christensen, GreenCap Solutions

2. Innovative løysingar for avfukting og energilagring v/Harald Søfteland, SmartTekEnergi

3. Erfaring med varmegjenvinning og avfukting v/Håvard Skavland, Skavland Gartneri

4. Spørsmål og diskusjon

Webinaret er finansiert av Rogaland fylkeskommune.

Om innovasjonsnettverket

Innovasjonsnettverket for veksthusnæringa blei etablert i starten av 2023 med støtte frå næringsfondet til Stavanger kommune. Nettverket skal jobba for å sikra næringa ei framtid i regionen, gjennom innovasjon. Etter veksthusprodusentane sitt eige ønske, er tema fyrst og fremst omstilling til fornybare energikjelder og tilgang på CO2. Kontaktperson for innovasjonsnettverket er Tove Sivertsen, TEAL. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar