Stavanger kommune er ferdig jordsmonnskartlagt
Nibio har bokstaveleg talt gått i djupna og identifisert eigenskapane til jorda i Stavanger kommune. Heile kommunen er nå kartlagd, og med det har både jordbruksnæring og landbruksforvaltning fått eit godt faggrunnlag.
Publisert 27.06.2024
Kartlegginga kan mellom anna nyttast til å sjå kvar dei beste områda er for ulike vekstkulturar, som potet og grønsaker. Dei kan òg brukast for å vurdere risiko for miljøbelastning frå jordbruksareal.
Karta ser du på portalen: www.kilden.nibio.no