Snart tid for Agrovisjon 2022

4–6. november er det tid for Agrovisjon 2022 i Stavanger Forum. Her blir det utstillingar, konferansar og kurs. Agrovisjon er Rogaland si største landbruksmesse og blir arrangert kvart tredje år. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.10.2022

I 2019 besøkte over 15 000 personar messa, og like mange er venta i år. Dei fire hallane i Stavanger forum blir fylt opp av utstillingar. Statsforvaltaren deltek også med:

Ladestasjon med fagleg påfyll, bonde til bonde 

Laurdag 5. november der messedeltakarane er oppmoda til å droppe inn på møterom Jæren i Forum Expo. Seks ulike tema står på programmet, og arrangementet er gratis og opent for alle interesserte: 

Program

Kl 10 Utnytting av gjødselressursane på garden. 

Kristian Vinningland, bonde i Time kommune. Kva rom er det for å spare innkjøpt nitrogen ved god utnytting av husdyrgjødsla?

Kl 11 Regenerativt landbruk

Målretta beiting som verktøy i regenerativt landbruk.

Kl 12 Solenergi

Halvar Garpestad fortel om sine erfaringar med investering i solcelle-anlegg. 

Kl 13 Drøs om ulike løysningar ved nybygg til lausdrift

Svein Olav Tengesdal har bygd nytt fjøs, Hans Ilstad har bygd om til lausdrift med eteliggebås og Torstein Barkve har nybygg i tre.

Kl 14 Drøs om ku og kalv

Hanne Amundsen, Ståle Hustoft og Ingrid Marie Sørhus deler sine erfaringar.

Kl 15

Fruktproduksjon, foredling og direktesal

Sandalen gard i Randaberg, Ferda som fruktgartnar og produsent av lokaldrikke og -mat.

 

Ladestasjon program Agrovisjon.jpg

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.