Joajordbær til Slottet
Nyheita om desse rekordtidlege, smaksrike bæra har nådd Tigerstaden, og nå skal kongen og dronninga få nyte dei på sjølvaste 17. mai.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.05.2019
Lena og Geir Joa på Sola har satsa knallhardt og investert mange millionar for å modernisere jordbærproduksjonen dei siste åra. I 2015 fekk dei tildelt Bygdeutviklingsprisen i Rogaland for sin innsats.