Handlingsplan for nedkjemping av ugraset landøyda
Landøyda er ein svært giftig plante som er skadeleg for beitande dyr. Fleire aktørar i Rogaland har difor gått saman om ein felles plan for nedkjemping.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 01.04.2022
Planen blei i stand etter eit initiativ frå Forum ku, og er bygd på erfaringane som er gjort i Agder. Vi vil også samarbeide med Agder om fleire av tiltaka.
Planen er utarbeida av aktørane Forum ku, Mattilsynet, Rogaland bondelag, Norsk landbruksrådgiving Rogaland, Felleskjøpet Rogaland Agder, Karmøy kommune og Statsforvaltaren i Rogaland.
Målet er å redusere bestanden av landøyda i Rogaland og hindre spreiing til nye område, samt hindre skade på husdyr som følgjer av beiting på planten.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66