Hagl har gitt store skadar på epleavlingane

Fruktdyrkarane i Rogaland antar at opptil 80 prosent av epleavlingane er skada etter uveret den siste veka.
Fruktdyrkarar frå 15 føretak var i går samla hos Atle Hauge i Hjelmeland for å diskutere situasjonen.
- Det ser ikkje oppløftande ut, og det kan bli lite norske eple utover i sesongen, seier Atle Hauge.
Eple får djupe sår i skalet av hagl, og dei har heller liten evne til å reparere seg sjølv. Eple som er skada kan gå til press og brukast til eplemost.
Hauge fortel at det er rapportert om skadar hos epledyrkarar i Randaberg, Finnøy, Forsand, Helgøy, Randøy og Hjelmeland, men at det er for tidleg å seie noko meir detaljert om omfanget. Det må dei kome tilbake til.
Rådgivarane frå Norsk landbruksrådgiving fortalde på møtet at det er tilsvarande skadar i fruktområda i Sogn, Hardanger og Lier.