God blest om landøyda
Landøyda er potensielt dødeleg for storfe og hest, og bør fjernast frå beitelandskapet. Statsforvaltaren inviterte difor media med på luking, og fekk god respons frå NRK Rogaland, Stavanger Aftenblad og Solabladet. Nå utfordrar vi fleire til å ta grep.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nå i august er det lett å legge merke til landøyda der ho står i blom. Kvar plante kan spreie over 2000 frø, så tida er absolutt inne for å fjerne planten.
Fleire små aksjonar?
Jordbruksnæringa i Rogaland har gått saman om ein felles handlingsplan for nedkjemping av landøyda. Her er eit av tiltaka lokale aksjonar. Statsforvaltaren ønska å få meir blest om landøyda, og tok turen ut i nærmområdet.
Landøyda er relativt lett å luke, og berre ein times arbeid gav resultat