Rovvilt i beitesesongen

Saueeigarar som mistenker rovvilt som tapsårsak for beitedyr bør straks ta kontakt med Statens Naturoppsyn (SNO) sine rovviltkontaktar. Dei vil etter avtale med dyreeigar synfare kadaver eller andre sporteikn for dokumentasjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.06.2012

Fylkesmannen utbetaler erstatning etter søknad til husdyr som er tapt til gaupe, jerv, ulv, bjørn eller kongeørn. Alle tap som Statens naturoppsyn dokumenterer som tapt blir erstatta. I tillegg blir sannsynlege tap dekka. Søknadsfristen er 1. november.

Elektronisk søknadssenter bør nyttast, https://soknadssenter.dirnat.no , men det er og råd å få tilsendt papirskjema frå Fylkesmannen.

Rovviltkontaktane har og ansvar for dokumentasjon av førekomst av dei store rovpattedyra, i den grad det er mogleg.

I Rogaland har SNO desse rovviltkontaktane:

Navn

Dekningsområde

Telefon

Olav Steinberg

Dalane

41 44 63 98

Sven Netland

Dalane

99 10 41 89

Andreas Dunkley

Haugalandet

48 02 54 44

Tor Inge Bråtveit

Ryfylke

92 22 12 49

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.