Revidert KSL-standard for 2015
Det er innført nye krav til smittevern, føring av plantevernjournal og til lagring av mineralgjødsel i den reviderte standarden for kvalitetssystem i landbruket (KSL).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Endringane i KSL-standarden er basert på lov- og forskriftsendringar, samt innspel frå produsentmiljø, råvarekjøparar, rettleiingsapparatet og revisorkorpset.
Nytt i år:
- Gjennomføring av vernerunde med aktuelle tiltak i HMS-arbeidet. Sjå punkt 2.2
- Tiltak for smittevern ved besøk i buskap og flytting av dyr mellom besetninger. Sjå punkt 6.2 og 8.2
- Nye krav til føring av plantevernjournal som følje av endring i forskrift om plantevernmidlar
- Nye krav om lagring av mineralgjødsel som følje av endring i forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosiv.
- Krav om risikovurdering av dei enkelte skifta i grønsaksproduksjonane. Sjå punkt 5.2.8
Dokumentert kvalitetsproduksjon med felles kvalitetssystem
Mattilsynet og Arbeidstilsynet godtar KSL-standarden som nasjonal bransjestandard for respektive primærproduksjon og helse, miljø og sikkerhet (HMS). KSL- standarden fangar dermed opp alt aktuelt lovverk knytt til desse områda. Noreg har eit omfattande regelverk for matproduksjon. KSL forenklar bonden sitt arbeidet, og dannar grunnlaget for at han får eit levande kvalitetssystem på garden ved å sette mål, planlegge, utføre, kontrollere og korrigere. På denne måten bygger bonden opp under sin eigen soliditet som kvalitetsprodusent av norsk mat.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78