Krafttak for meir storfekjøtt
Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen har saman med slakteria teke initiativ til å starte opp eit prosjektet "Storfekjøttsatsing i Rogaland" for å få opp produksjonen av storfekjøtt i fylket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bakgrunnen for denne satsinga er tydelege signal om at det blir produsert for lite storfekjøtt til å dekke etterspurnaden i Noreg. Nortura har utarbeidd ein prognose som viser at over 17 % av storfekjøttet som skal seljast i løpet av dette året vil komme frå utlandet dersom etterspurnad i marknaden skal dekkast. Det må setjast i gang strakstiltak for å betre tilgangen på storfekjøtt.
I mai 2012 var det eit stormøte der situasjonen for storfekjøtt i den norske marknaden blei diskutert. I kjølvatnet av dette møtet har slakteria Fatland, Nortura og Prima saman med det offentlige og faglaget Tyr satt i gang dette prosjektet. Prosjektet skal organiserast under Rogaland landbruksselskap.
Planen er at prosjektet skal avdekke dei utfordringane som storfekjøttprodusentar står framfor, og gi råd om korleis desse problema konkret kan handterast. Kjernen i satsinga er å forbetre situasjonen for produsentane gjennom kunnskapsformidling og rådgjeving.
I prosjektet sin første fase, fram til september 2013, skal vi gjere satsinga kjent ute i næringa. I tillegg skal prosjektet saman med bøndene og slakteria finne aktuelle fagtema som treng vidare avklaring. I andre fase, som skal vare fram til 2016, kan bøndene få hjelp med dei faglege utfordringane. Målet er å forbetre produksjonsforholda slik at mengda produsert storfekjøtt kan aukast. Aktuelle fagtema kan vere produksjon og drift, bygningar, økonomi og rasjonell drift, støtteordningar og tilskott, avl og genetikk.
Ta kontakt med Aart Magnussen for meir informasjon.