Webinar - Tenk nytt om lausdriftsfjøs

Hovudinnleiar Christian Manser.
Hovudinnleiar Christian Manser. Foto: Christian Manser.

Innovasjon Norge hadde per januar motteke 38 søknader som gjeld nye mjølkefjøs. Spørsmålet er, brukar du pengane rett? Me inviterer til webinar om tema med særs interessante innleiarar 12. mars klokka 10.00-12.00.

Publisert 21.02.2025

Takka vere både den regionale og nasjonale tilskotspotten kan rekordmange rogalandsbønder no realisere draumen om nytt lausdriftsfjøs. Det gjeld både erfarne bønder, og dei som er nye i næringa inklusiv dei som har kjøpt gard på den frie marknaden og som no vil satse på mjølk.

Samstundes som utmålingsprosenten hjå Innovasjon Norge (IN) aukar, aukar også gjennomsnittleg kostnad på prosjekta. Frå 8 millionar kroner i 2023 til 10,5 millionar kroner i 2024.

Kvifor slik auke, har fjøsa blitt for kostbare? Brukar me pengane på dei rette tinga? Tør me stole på eigen kunnskap, eller bygg me likt som naboen? Tør me utfordre etablert praksis?

Kompromisslaus hovudinnleiar

Me er så heldig å ha fått med oss sveitsaren Christian Manser som er eit kjent namn i bransjen i Europa til å halde faginnlegg. 

Christian Manser vaks opp på eit mjølkebruk, er landbruksutdanna, og har dei siste 27 åra jobba som lærar og rådgivar for mjølkebønder i St. Gallen. Mykje av rådgivinga handlar om å planlegge og optimalisere eksisterande bygg, nye og gamle, med tanke på dyrevelferd.

I 2009 tok han kurs i KuSignal og klauvhelse, og har gjennom 15 års erfaring sett kor stort potensiale som ligg i eit fjøs som er planlagt på dyra sine premissar. 

Manser er tydeleg og kompromisslaus, og utfordrar bonden til utradisjonelle løysingar. Fordi han har sett at det fungerer.

- Det er alltid best å rette feil på papiret, før fjøset er bygd, seier han.

Manser har utvikla eit kurs for planleggarar og bønder som går med planar om å bygge fjøs. Eit intensivt kurs, med teori og fleire gardsbesøk i området rundt St.Gallen. Her har han deltakarar frå heile Europa.

I 2019 var Manser på besøk i Noreg for å halde føredrag på Storfe 2019, og no er han tilbake, denne gong digitalt.

Norsk fjøs etter KuSignal-prinsipp

Andre del av programmet står Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen frå Voll for. Då dei skulle bygge fjøs, reiste dei på studietur mellom anna til Irland, Danmark og Nederland. Planteikninga er gjort i samarbeid med VetVice i Nederland, etter KuSignal-prinsipp. Med sand i liggebåsane, gummi på gangarealet, éin eteplass per ku, godt med luft og lys, god plass rundt robot og i gangareal, og tilgang til utebinge for sinkyr, heile året når vêret tillèt det.

Fokus er ikkje å spare, men å tene pengar. Ikkje gå på kompromiss med dyra sine behov, men ha eit fjøs og ei drift som førebygg sjukdom. For éi sjuk ku tek meir tid og ressursar enn dei 40 som er friske.

Timpelen Ku vann Tine sin Dyrevelferdspris i 2023, og dei har sju kyr som har nådd 100 tonn i livstidsproduksjon.

Påmelding

Send e-post til anders.boen.gravdal@statsforvalteren.no  innan 10. mars.

Gratis deltaking. Dagen før webinaret får du ein invitasjon via Teams. Dersom du ikkje finn lenka, sjekk søppelposten din om lenka ligg der. 

Tid: 12. mars klokka 10.00-12.00

Me oppfordrar til spørsmål etter kvart innlegg.

Arrangør: Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland

Vel møtt!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.