Over 50 millionar i offentleg erstatning er utbetalt etter dyresjukdomar i Rogaland
Sidan det fyrste utbrotet av fugleinfluensa i Rogaland i 2021, har Statsforvaltaren i Rogaland betalt ut over 50 millionar kroner i erstatning etter offentlege pålegg om nedslakting av husdyr.
Det har vore ein nedgang i tal saker på nasjonalt nivå som har utløyst offentleg erstatning etter pålegg frå Mattilsynet. Frå 2012 til 2020 har tal saker i Noreg gått frå over 200 til underkant av 50. Erstatningsutbetalingar dei siste 10 åra har i hovudsak vore i samband med utbrot av LA-MRSA (antibiotikaresistente bakteriar) i Nordland. Landbruksdirektoratet har publisert statistikk for erstatning etter offentlege pålegg, lenke til statistikk.
Utbrot i 2021 av nasjonal liste-1 sjukdom
Høgpatogen fugleinfluensa blei for fyrste gong påvist i kommersiell fugleflokk på Jæren i 2021. Denne sjukdommen er ein Liste 1-sjukdom, som betyr svært alvorleg sjukdom kor eit utbrot vil medføre store tiltak for bekjemping.
Sjukdomsutbrotet førte til massive tiltak pålagd av Mattilsynet for å fjerna smitte og smittestoff. Totalt fekk tre besetningar offentlege pålegg om nedslakting av fugleflokken og smittesanering av husdyrbygg.
Sidan utbrotet av høgpatogen fugleinfluensa i 2021, har det vore fleire tilfelle av sjukdomen. Nokre fjørfeflokkar blei avliva grunna dei vart definert som kontaktbesetning eller mistanke utan påvist sjukdom.
Etter 2021 har det vore tilfeller av andre sjukdomar hos produksjonsdyr. Det gjeld storfetuberkulose og Newcastlesjuke. Sjukdomane har vore påvist tidlegare i Noreg, men førekjem sjeldan. Salmonella er ikkje ein uvanleg sjukdom, men skjer sporadisk.
Ved det fyrste påviste tilfelle av storfetuberkulose, blei heile storfe- og sauebesetninga avliva. Mattilsynet ga ikkje pålegg om avliving av heile besetninga i dei øvrige tilfella, berre nokre dyr som hadde usikre prøveresultat etter testing. Det har ikkje vore fleire utbrot i ettertid av storfetuberkulose.
Tabellen viser tal føretak og sjukdom frå 2021 til 2024.
2021 | 2022 | 2023 | 2024 | Sum tilfeller | |
Fugleinfluensa | 3 | 4 | 1 | 1 | 9 |
Newcastlesjuke | 1 | 1 | |||
Salmonella | 1 | 2 | 3 | ||
Storfetuberkulose | 2 | 1 | 3 | ||
Sum føretak | 3 | 6 | 5 | 2 | 16 |
Eit offentleg ansvar
Det er Mattilsynet sitt ansvar å fatta nødvendige tiltak for utrydda dyresjukdom og smittestoff som kan gi vesentlege samfunnsmessige konsekvensar. Korleis Mattilsynet bekjempar alvorlege, smittsame dyresjukdomar kan du lese om her.
Når eit føretak får vedtak om nedslakting grunna smittsam sjukdom, kan føretaket søkje erstatning etter offentlege pålegg. Formålet med erstatningsordninga er å redusera den økonomiske belastninga, og den dekker direkte tap og utgifter som følgje av pålagde tiltak.
I perioden 2021 til 2024 har 16 føretak søkt om erstatning etter offentlege pålegg. Fram til no har omlag 53 millionar kroner blitt betalt ut, og framleis er saker under behandling.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85