Noreg skal ha dyrevelferd i verdstoppen

Sau på beite.
Sau på beite. Foto: Birgit S. Hagalid.

Regjeringa si stortingsmelding om dyrevelferd blei presentert fredag 20. desember. Den gir føringar for komande regelverk som skal betre dyrevelferda for produksjonsdyr på land, i sjø, forsøksdyr, kjæledyr og viltlevande dyr.

Publisert 23.12.2024

Ifølgje landbruks- og matminister Geir Pollestad skal Noreg vere leiande i verdstoppen for god dyrevelferd, og vi har god føresetnadar for å lukkast. Pollestad presiserte at dyktige bønder er ein føresetnad for å ha god dyrevelferd i drifta.

Hovudtrekk for komande føringar for produksjonsdyr

Regjeringa opprettheld kravet om lausdrift for alt storfe innan 1. januar 2034. Det blir krav om sosial oppstalling av kalv frå to-vekers levealder.

Det blir forbod mot fiksering av purker i fødebingen med ein overgangsperiode på ti år for eksisterande driftsbygningar.

Regjeringa skal følgje med på bransjen sin planlagde omlegging til mindre hurtigvoksande kyllinghybridar. Nye kyllinghus skal byggast med moglegheit for naturleg lys, og det blir krav om innreiing som fremmar naturleg åtferd.

For verpehøner blir det no forbod mot nyetablering av anlegg med miljøbur. Eksisterande miljøbur skal fasast ut. Det blir eit krav om at alle dyr i verdikjeda i verpehøneproduksjonen skal ha innreiing som fremmar naturleg åtferd.

Regjeringa vil støtte næringa si satsing mot systematisk avliving av nyklekka hanekyllingar av verperase, og arbeide for eit internasjonalt forbod.

Regjeringa vil arbeide for å redusere tap av småfe på utmarksbeite og bidra til betre oversikt over årsak til tap. I tillegg vil regjeringa utvikle regelverket slik at dyrehald med småfe har ein plan for å handtere velferdsutfordringar gjennom året. Det vil inkludere tilgang av areal og ressursar i innefôringssesongen.

Heile stortingsmeldinga kan du lese med å følgje lenka Meld. St. 8 (2024-2025) Dyrevelferd

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.