No er vipa her!
Dei siste åra har det vore eit stort engasjement kring vipa, om korleis vi kan auke bestanden og få fleire fuglar på vingane. Statsforvaltaren i Rogaland delte i fjor ut vipediskar fleire stader for utlån til bønder.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I fjor blei det produsert fleire vipediskar for utlån til dei som ville ta desse i bruk under våronna. Føremålet er at produsentar som observerer reir på si mark skal kunne bruke ein vipedisk for å beskytta reira hjå seg. Vipedisken er spesielt tilpassa dei som har miljøvennleg gjødselspreiing med slepeslange.
Du kan lese meir om vipedisken i denne artikkelen på Bondevennen.no.
Korleis kan du få ta i ein vipedisk?
Entreprenørar har fått tildelt vipediskar for bruke desse når dei observerer vipereir. Vi anbefaler at dersom du leiger tenesta og veit om etablerte reir, ta kontakt med entreprenøren som kan leggje ut vipedisken før køyring.
Me ynskjer at dei som observerer reir kring våronna og som ynskjer å bruke ein vipedisk skal få låne ein vipedisk. Vipediskane er fordelt mellom fleire stadar i Rogaland, ta gjerne kontakt med kontaktpersonane lista under.
Kommune |
Kvar |
Kontaktperson |
Mobil |
e-post |
Tal diskar |
Hå |
|
Per Bjorland |
915 79 379 |
|
15 |
Klepp |
NLR |
Liv Oddny Slettebø |
911 81 242 |
10 |
|
Sola |
Sola Rådhus |
Aud Åse Mjølsnes |
51 65 34 06
|
aud-ase.rosland.mjolsnes@sola.kommune.no
|
5 |
Haugesund |
NLR |
Håkon Pedersen |
948 76 870 |
3 |
|
Vindafjord |
NLR |
Bjørg Karin Dysjaland |
938 40 839 |
8 |
|
Stavanger |
Finnøy v/ Argomiljø |
Kyrre Vasstveit |
982 91 850 |
|
5 |
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85