Kva er dyrevelferd?

Det handlar om mykje meir enn strø til grisen, ikkje minst om bonden sjølv. Professor Randi Oppermann Moe kjem til Agrovisjon 2. november der ho vil gå nærare inn på omgrepet «dyrevelferd», standardar, driftsopplegg og stellfaktor.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.10.2019

Mange bønder er usikre på kva som meinast med dyrevelferd og blir difor utrygge. Velferdsindikatorar er objektive metodar for å måle grad av velferd. Her er nokre spørsmål som bøndene lurer på:

  • Kva ser veterinærane etter i eit fjøs?
  • Kva er akseptabelt?
  • Når glir situasjonen over i eit lovbrot?

Ekspertisen vil svare

Randi Oppermann Moe.

Spørsmåla er mange og professor Randi Oppermann Moe vil dele kunnskap og erfaring, og vil prøve å svare på så mange spørsmål som mogleg.

Randi Oppermann Moe er tilsett ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet, Veterinærhøgskolen. Ho er europeisk veterinærspesialist innan dyrevelferd, dyreetikk og dyrevern, og er av Landbruks- og Matdepartementet oppnemnt som medlem av Rådet for Dyreetikk. Ho forskar innan grunnleggjande og anvendte problemstillingar knytt til dyrevelferd, og ho har ansvaret for undervisning av veterinærstudentar og dyrepleiarstudentar i dyrevelferd, dyrevern og dyreetikk.

 

 

Ope fagdag på Agrovisjon

Bransjeorganisasjonane i landbruket arrangerer ope fagdag 2. november spesielt retta mot husdyrbønder, men det er også aktuelt for rådgivarar og andre som arbeider med husdyr. Fagdagen er gratis og vi ser gjerne at du blir med heile dagen. Det startar kl 1000, Stavanger Forum, Expohallen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.