Fri mjølkekvote har ført til auke av omsetnadsavgift

Frislepp på mjølkekvote har gitt auke i omsetnadsavgift for kumjølk.

Regjeringa melder om at omsetnadsavgift for mjølk får ein auke frå 1. juli. Dette er ein konsekvens av frislepp av mjølkekvote for 2024.

Publisert 01.07.2024

Landbruksdepartementet sett avgifta for overproduksjon av kumjølk til null kroner for 2024. Det blei gjort for å imøtekome førespurnaden av mjølk i marknaden. Å setje avgifta til null kroner, betyr at mjølkeprodusentane kan produsera over mjølkekvota utan å få trekk for overproduksjon i mjølkeoppgjeret.

Regjeringa har no kome med ein kunngjering om at omsetnadsavgifta for kumjølk er auka grunna fråfall av overproduksjonsavgifta. Omsetnadsavgifta aukar med 5 øre per liter til 12 øre per liter mjølk frå 1. juli. Fastsettinga er i tråd med forslag frå Omsetningsrådet.

Omsetnadsavgift

Omsetnadsavgift er ein avgift som blir lagt på produsentanes salsproduksjon og går inn i fondet for omsetnadsavgift. Den blir brukt til å fremma omsetnad gjennom finansiering av marknadsbalanse, faglege tiltak og opplysningsarbeid. (kjelde. Regjeringen.no)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.