Frå 1. januar 2025 kan kommunar og vaktdistrikt søkje om stimuleringstilskot for å sikre veterinærtenester
Tilskotet skal bidra til å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell på dagtid i næringssvake område. Frist for å søkje er 4. april!
Stortinget har løyvd totalt 36,7 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2024. Rogaland blei tildelt 640 000 kroner i stimuleringstilskot til fordeling til kommunale veterinærtenester. Dette er ein auke på 17 000 kroner frå 2024. Desse midlane skal gå til stimuleringstiltak som kan bidra til tilfredsstillande tilgang på veterinærtenester i kommunar der næringsgrunnlaget for veterinærar er svakt.
Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.
Kommunen sitt ansvar
Kommunane skal lyse ut ordninga og sette frist for veterinærar til å søkje om stimuleringstilskot. Kommunen søkjer stimuleringstilskot på vegne av kommunen eller vaktdistrikt.
Frist søknad og rapportering
Kommunen søkjer om stimuleringstilskot samt rapporterer om brukte tilskotsmidlar i 2024 via Altinn. Skjemaet heiter "Stimuleringstilskudd til veterinærdekning". Frist for søknad om tilskot samt rapportering om brukte midlar i 2024 er sett til 4. april 2025.
Prioriteringar for tilskot
Statsforvaltaren vil prioritere stimuleringstilskot til:
- kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med lågt dyretal og krevjande infrastruktur.
- kommunar som har vanskar med å rekruttere og halda på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen.
- der stimuleringstilskotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Vi viser til utfyllande informasjon i rundskrivet som er lenka til denne sida.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85