Behov for meir mjølk

Forholdstalet på mjølk blir auka frå 0,95 til 0,99.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.06.2023

Etter ekstraordinær kotedrøfting mellom Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norske Bonde- og Småbrukarlag den 22.06 er forholdstalet auka frå 0,95 til 0,99. Dette grunna auke i etterspørsel og lågare leveranse av mjølk enn venta då forholdstalet blei satt i november 2022.

Endring i reglar for sal av mjølkekvote 

Eigar av landbrukseigedom med grunnkvote kan selje heile eller delar av kvota. Endringar som følgje av årets jordbruksoppgjer gjer det no mogleg å selje 100 prosent privat innanfor same produksjonsregion. Ein står no fritt til å velje mellom å selje kvote til staten eller privat. Pris på sal av grunnkvote til staten er 4 kroner per liter. Søknadsfristen er 1. august 2023.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.