Over 45 millionar i MRSA-erstatning til 23 føretak med gris i Rogaland
Sidan første utbrot av MRSA på gris i Rogaland i 2013, er det utbetalt 45,5 millionar kroner i erstatning til 23 føretak i vårt fylke. I tillegg kjem kompensasjon for produksjonstap til føretak som driv med smågrisproduksjon, og til nå er det utbetalt 7,4 millionar kroner i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ni av dei 23 føretaka er i Hå som er den største husdyrkommunen i landet. I Karmøy finn vi ein av dei største smågrisprodusentane i landet, og dette føretaket har fått desidert størst utbetaling. I 2015 blei det påvist fleire nye tilfelle av MRSA i Rogaland, på Jæren og i Nord-Rogaland. I fjor blei det påvist eitt tilfelle i Nord-Rogaland. Hittil i år er påvist eitt tilfelle i Ryfylke.
Ved utbrot av MRSA gir Mattilsynet pålegg om nedslakting av buskapen, og pålegg om saneringstiltak i grishus og område utforbi bygning for å fjerna smitte. Fylkesmannen behandlar søknader om erstatning og kompensasjon, og utbetalinga blir gjort i Landbruksdirektoratet sitt saksbehandlarprogram ELF. For meir informasjon om erstatning og kompensasjon viser vi til regelverket og informasjon frå Landbruksdirektoratet.