Grillkveld på Jæren 19. september

Storfesatsinga i Rogaland inviterer til grillkveld hos Karl Tunheim på Undheim, torsdag 19. september kl. 19.00.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.09.2013

Alle som driv eller vil drive med storfe er hjarteleg velkomne til grill og drøs! Det er ingen påmelding eller deltakaravgift.

Dette blir det fjerde møtet vi arrangerer i forbindelse med Storfesatsinga i Rogaland, som er eit initiativ for å få auke i storfekjøttproduksjon. Utover hausten og vinteren skal vi arrangere informasjonssamlingar som fokuserer på spesifikke tema, som lønnsam drift, driftsbygning med meir.

Gjennom bonderetta rådgjeving skal vi hjelpe produsenter å finne løysningar for dei utfordringane dei står foran. Med det kan produsentane få ein meir lønnsam og rasjonell drift, noko som kan føre til auka slakteleveranse. Bak satsinga står slakteria Nortura, Fatland og Prima, samt faglaget Tyr, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.

For meir informasjon, ta kontakt med Aart Magnussen på telefon 97 12 75 14 eller e-post aart.magnussen@fylkesmannen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.