Erstatning ved utbrot av MRSA

Fylkesmannen har til nå motteke og behandla åtte søknader om erstatning etter utbrot av MRSA. Samla utbetaling utgjer 14 millionar kroner. I tillegg er det utbetalt 3,3 millionar kroner i kompensasjon for produksjonstap.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2015

Mattilsynet har det forvaltningsmessige ansvaret for dyrevelferda. Fylkesmannen effektuerer vedtaka til Mattilsynet som utløyser erstatningsordninga.

Erstatning
Ved påvisning av LA-MRSA i svinebuskapen, gir Mattilsynet pålegg om nedslakting og gjennomføring av nødvendige tiltak i saneringsplanen for å fjerna smitten. Fylkesmannen behandler søknader frå svineføretak om erstatning. Søknadsfristen er seks månader etter at pålagde tiltak er gjennomført.

Dyra blir erstatta etter standardiserte satsar. Slakteoppgjer blir trekt i frå erstatninga. Innsatsmidlar til vask og desinfeksjon blir dekka etter dokumenterte utgifter. Timelister for eige arbeid blir dekka etter fast sats. Bygningsmessige tiltak blir dekka dersom Mattilsynet har pålagt dette for å bli kvitt smitten. Det skal då gjerast frådrag for alder og slitasje, slik at oppgradering ikkje blir dekka av erstatningsordninga. Fylkesmannen har til nå motteke og behandla åtte søknader om erstatning, og samla utbetaling utgjer 14 millionar kroner.

I juni 2015 kom det ei ny ordning om kompensasjon for produksjonstap ved LA-MRSA. Fylkesmannen har motteke og behandla tre søknader, og utbetalinga utgjer i alt 3,3 millionar kroner.

Meir informasjon om erstatningsregelverket kan du lesa her

Åpe møte den 16.september
Norsvin inviterer til møte om LA-MRSA på Øksnevad vidaregåande skole den 16.september kl 18:00. Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Fylkesmannen ved ass. landbruksdirektør Geir Skadberg vil delta på møtet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.