36 millionar i erstatning etter utbrot av MRSA

Sidan første utbrot av MRSA på gris i Rogaland i 2013, er det til nå utbetalt om lag 36 millionar kroner i erstatning til 21 føretak i vårt fylke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2016

MRSA-bakteriar er ein type gule stafylokokkar som har utvikla motstandsevne mot fleire typar antibiotika, og desse bakteriane kan smitta mellom folk og dyr. Ved påvisning av MRSA i svinebuskapar, gir Mattilsynet pålegg om nedslakting og gjennomføring av nødvendige tiltak i saneringsplanane for å fjerna smitten.

Erstatning

Det blir gitt erstatning for dyr etter standardiserte satsar, og for dokumenterte utgifter i saneringsplanen. Dersom Mattilsynet har gitt pålegg om bygningsmessige tiltak, skal det ved oppgradering korrigerast i erstatninga. Det er utbetalt erstatning til 21 føretak med svinehald i Rogaland. Erstatningsutbetalinga til nå utgjer 35,8 millionar kroner, derav 14,3 millionar kroner til dyr og 21,5 millionar kroner til tiltak i saneringsplanane. I tillegg kjem kompensasjon for produksjonstap til føretak som driv med smågrisproduksjon, og til nå er det utbetalt 5,8 millionar kroner.

God dialog mellom Mattilsynet og Fylkesmannen

Med bakgrunn i utbrota av MRSA i vårt fylke er det utvikla god dialog mellom Mattilsynet og Fylkesmannen. Mattilsynet informerer i konkrete saker Fylkesmannen om pålegg ved nedslakting, godkjenning av saneringsplan m.m., og Fylkesmannen informerer Mattilsynet om erstatning. Ved behov er det kontakt over telefon, eller møte mellom Mattilsynet og Fylkesmannen.

Ny forskrift

Landbruks- og matdepartementet har fastsett ny forskrift om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon. Den inneber m.a. høgare satsar for dyr og eigeninnsats, og gjeld pålegg frå Mattilsynet etter 3.juni 2016. Det er til nå i år ikkje påvist nye tilfelle av MRSA i Rogaland. Meir informasjon om ny forskrift og erstatningsregelverket finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.