33 prosent av pelsdyranlegga i Rogaland er rivne

Riving av pelsdyranlegg i Klepp
Riving av pelsdyranlegg i Klepp Foto: Bertelsen Maskin.

Gravemaskiner, lastebilar, traktorar og arbeidsfolk er i sving med å rive og rydde opp pelsdyranlegg rundt om i fylket.

Publisert 30.08.2024

I desse dagar runda pelsdyrnæringa 50 føretak som har fått kompensasjon for å rive pelsdyranlegg. 22 føretak har ikkje søkt om kompensasjon ennå og fem søknader ligg til behandling hos Statsforvaltaren. Av dei 50 føretaka som har fått kompensasjon, er 26 heilt ferdige med rivinga.

Frist for å søke kompensasjon

Frist for å levere søknad om kompensasjon for kostnader med riving og opprydding av pelsdyranlegg er 31. desember 2025.

Store bygningar blir ståande

Totalt er det 78 føretak i Rogaland som har rett på kompensasjon for riving av pelsdyranlegg. Fleire har store stålhallar som ikkje vil bli rivne, men som vil bli rydda for inventar og utstyr brukt i pelsdyrverksemda. Hallane kan byggast om og brukast til dømes til annan husdyrproduksjon eller reiskapshus.

Millionar rullar ut

Sidan oppstarten i 2021 og fram til i dag har Statsforvaltaren i Rogaland løyvd 104 millionar kroner til riving av pelsdyranlegg i Rogaland. I snitt kostar det 2,1 millionar kroner å rive eit anlegg. Vi estimerer 162 millionar kroner til riving av pelsdyranlegg i Rogaland.

Pengane blir pløgd tilbake til lokalsamfunnet

Nokre eigarar vel å rive sjølve, medan andre hyrer inn entreprenør. Heile 25 lokale entreprenørar er eller har vore involverte i riving av pelsdyranlegg så langt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.