15. november er søknadsfristen for tilskot til organisert beitebruk
Beiting i fjellet er enklare å organisera med beitelag og no kan det søkast om tilskot til drift av laga. Tilskotet skal gå til arbeidet med organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak.
Beitelaga i Rogaland kan søke regionalt miljøtilskot (RMP) om tilskot til organisert beitebruk. Formålet med ordninga er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmarka og redusere tap av dyr gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Søknadsfristen er 15. november.
Det er beitelagsleiaren eller ein annan ansvarleg for beitelaget som må søke om tilskot elektronisk via Altinn. Her skal det for alle medlemmane i beitelaget leggast inn opplysningar om kor mange dyr som blei sende til heis, og kor mange som er sanka heim. Tilskotet blir rekna ut frå tal slepte dyr. Beitelaget skal normalt sende søknaden til den kommunen der hovuddelen av beitinga skjer.
Vilkår for tilskotet
Beitelaget skal bruke tilskotet til å fremme organisert beitebruk i utmark gjennom fellestiltak. Det er kostnadskrevjande å ha sau på utmarksbeite. Dyra skal ha tilsyn kvar veke, og oftare når det er grunnar som tilseier at det er nødvendig. Det er òg mykje arbeid med sanking og ettersanking av dyra på hausten. Felles organisering av dette arbeidet gjer det både betre og meir effektivt.
Tilskotet skal gå til fellestiltak, og det er ikkje høve til å fordele tilskotet jamt til medlemane som eit ekstra beitetilskot. Same beitelag kan heller ikkje få tilskot til dei same dyra frå to fylke.
Nyregistrerte lag skal ha minst 5 medlemar og 300 småfeeiningar. Minstekrav for eksisterande lag er 3 medlemar og 150 småfeeiningar. Laget må organisere felles beitebruk på utmark i minimum 6 veker i sommarhalvåret.
I tillegg er det følgjande krav:
- Laget skal ha eigne reglar og eit styre valt av medlemane i laget.
- Laget skal vere ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite i eit område der samarbeid kan fremje bruk av beiteområda.
- Laget skal bruke alle tilskot til laget til å fremje den organiserte beitebruken i området gjennom fellestiltak. Laget skal føre rekneskap. Laget kan ikkje overføre tilskot til medlemane utan dokumenterte utlegg eller utgifter knytt til den organiserte beitebruken.
- Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område, tilpassa lokale forhold. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong kvar veke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sett i verk.
- Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisere ressursbruk og utnytting av beita. Dette gjeld særleg sanking og ettersanking.
- Laget skal notere på fastsett skjema opplysningar om gjennomført tilsyn (dato, tilsynsrunde, unormale tilhøve i beiteområdet og tiltak som er sett i verk).
Statsforvaltaren og kommunen kan i særlege høve be om å få lagt fram denne dokumentasjonen.
Kommunane godkjenner tilskotet
Dei endelege tilskotssatsane blir sett i januar ut frå søknadsomfang og økonomisk ramme. Det blir gjort av Statsforvaltaren i samråd med faglaga. Kommunane behandlar søknadar om tilskot, og godkjende søknadar blir utbetalt i mars 2025.