Rekordløyving til Biogass i Rogaland!
Enova har send ut melding om historisk høg støtte til biogassproduksjon på eitt år. Nå skulle alt ligge til rette for at vi får etablert minst eitt større anlegg i Rogaland.
Enova la ut pressemelding den 18.12.2024, der det kjem fram at det er tildelt 437 mill. kroner til 8 prosjekt. Dei viser også til at det er på plass avtalar med landbruksnæringa for levering av husdyrgjødsel til anlegga.
Mest støtte til Rogaland
3 av dei 8 prosjekta er lokalisert i Rogaland:
- Havila BG Haugalandet AS i Tysvær, 45,3 mill. kroner
- Haugaland biogass AS på Karmøy, 41 mill. kroner
- Bio Jæren AS i Hå, 124,3 mill. kroner
Desse tildelingane kjem i tillegg til prosjekta som har fått støtte tidlegare (Vindafjord, Finnøy).
Stort potensiale
Vi har tidlegare peika på at det er eit stort unytta potensiale for biogassproduksjon i husdyrtette Rogaland, og nytt gjødselregelverk har nok bidrege til at biogass som del av løysinga har fått auka merksemd. Vi har samstundes peika på at lokalisering av anlegg må vere sentralt når det skal skivast forpliktande avtalar om levering og mottak av husdyrgjødsel.
Spanande 2025
Vi har ved fleire høve etterlyst framdrift i realisering av biogassanlegg i Rogaland, og nå må vi kunne vente at noko skjer i 2025. Alt ligg nå til rette for at vi ser byggestart.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13