Pengar å hente til grøne tiltak

Rogalandsbøndene nyttar ikkje moglegheitene godt nok til å søkje om midlar frå Bionova til anlegg for bioenergi, gardsvarme og biorest, og til energiløysingar i veksthus. Det vil Innovasjon Norge gjere noko med.
Bionova blei etablert 1. januar 2023 og er ein del av Innovasjon Norge. Det er ei satsing på bioøkonomi og klimatiltak for jordbruk-, skogbruk- og havbruksnæringane slik at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn i 2050. Målet er å redusere klimagassutslepp og bidra til å utvikle ressurseffektive og meir sirkulære verdikjeder for desse næringane.
Etterlyser fleire søknader frå Rogaland
Marie Hatjoullis-Olsen, kunderådgivar hos Innovasjon Norge Rogaland, etterlyser fleire søknader frå rogalandsbøndene. I 2024 fekk dei inn 26 søknader frå Rogaland om støtte til fornybar energi frå ein nasjonal fornybarpott på 225 millionar kroner. Av den nasjonale bioøkonomipotten på 260 millionar kroner, gjekk 6,5 millionar kroner til fire søknader frå Rogaland.
Få forprosjektsaker i Rogaland
Rogaland skil seg ut med få forprosjektsaker innan bioøkonomi samanlikna med andre fylke, og da blir det naturlegvis få søknader om hovudprosjekt.
– Her må det ei opptrapping til, seier Marie Hatjoullis-Olsen.
Nasjonal pott for 2025
Bionova forvaltar ein nasjonal pott på 500 millionar kroner for 2025 til dei to hovudstraumane; bioøkonomi og fornybar energi.
Tilskot til ulike tiltak
Bionova gir tilskot til foredling av bioressurar, gardsvarmeanlegg, anlegg for varmesal, fornybare energiløysingar i veksthus, biorestlager, biogass- og biokolanlegg, flislager og tørkeanlegg, testing og introduksjon av ny teknologi og framtidas kunstgrasbanar.
Nokre veksthus har fått tilskot frå Bionova og typiske tiltak er investeringar i LED-lys og isolasjonsgardiner for å redusere straumforbruket, anlegg for avfukting og til å redusere lysforureining.
– Det er få fornybare energisaker frå Rogaland som til dømes flisfyring, solceller med batteriløysing og varmeanlegg, seier Marie Hatjoullis-Olsen.
Send søknader til Innovasjon Norge
Send søknader til Innovasjon Norge Bionova - fornybar energi, bioøkonomi og teknologi | Innovasjon Norge