Biogass – rift om husdyrgjødsla i Rogaland

Biogassanlegg i Danmark.
Biogassanlegg i Danmark. Foto: Anfinn Rosnes.

Fleire biogassaktørar sonderer nå interessa frå bøndene i Rogaland for å levere husdyrgjødsel til sitt biogassanlegg. Frå å vere i ein langvarig fase der det meste låg på vent, har vi nå ein situasjon der det verserer skisser som i sum vil bruke meir husdyrgjødsel enn det som blir produsert i Rogaland.

Publisert 27.09.2024

Vi har den seinare tida registrert stort engasjement frå aktørar som ønskjer å etablere biogassanlegg basert på husdyrgjødsel i Rogaland. Sju initiativ presenterte prosjekta sine på Rogaland biogassnettverk sitt temamøte i august, og det er fleire som er i tidleg fase. Det er godt kjend at Bio Jæren AS har konkrete planar om å etablere eit anlegg for å ta i mot 600 000 tonn husdyrgjødsel ved Grødaland i Hå, og nå i september har Hå kommune vedteke områdeplan til føremålet.

Rift om husdyrgjødsla og bøndene

Fleire aktørar har hatt informasjonsmøte for bøndene, der dei har informert om sine planar, rammevilkår og leveringsavtalar. Det er kjend at ulike aktørar nå inviterer bønder til å signere avtalar om levering av gjødsel. Rogaland bondelag oppmodar bøndene om å ha «is i magen», og vere merksame på kva som står i avtalane. Vår vurdering er at lokalisering av anlegga må vere sentralt når det skal skrivast forpliktande avtaler om levering og mottak av gjødsel. 

Stort potensiale

Framleis blir berre to prosent av husdyrgjødsla i Noreg brukt i biogassproduksjon, og det eit stort unytta potensial for biogassproduksjon i husdyrtette Rogaland. Råvaretilgangen er unik, med årleg produksjon av husdyrgjødsel på over tre millionar kubikkmeter. Fordi avstandane på Jæren er såpass korte, er ikkje transportomfanget like avgjerande som i andre område.

Taktskiftet er i tråd med nasjonale mål om at meir husdyrgjødsel skal nyttast i biogassproduksjon. Bøndene som snart må følgje ny gjødselbruksforskrift er opptekne av om det å levere gjødsla til biogass kan vere ei løysning for å møte strengare fosforkrav. Dei som planlegg biogassanlegg på Jæren kan ikkje ta utgangspunkt i at dei kan levere heile bioresten (restproduktet som oppstår etter produksjon av biogass) tilbake til jordbruket i nærleiken. Dei må utarbeide løysningar for å handtere bioresten/fosforet i bioresten. 

Korleis ser eit biogassanlegg ut?

Biogassanlegg kan ha noko ulik utforming. Det som er felles er at reaktortankar tek mest areal. Reaktortankane er også det som viser mest igjen i landskapet. Ingressbiletet er eit døme på eit typisk biogassanlegg ved Esbjerg i Danmark, Ribe Biogass, som er eit anlegg med 60 bønder som eigarar. Det starta opp i mindre skala i 1990 og er utvida stegvis, har nå etter siste utviding 9 reaktortankar, og er lokalisert i eit typisk landbruksområde. Anlegget tek imot om lag 350 000 tonn husdyrgjødsel og leverer ut 1600–1900 kubikkmeter oppgradert metangass i timen direkte på det nasjonale nettet. Vi ser at eit slikt anlegg krev mykje areal, samstundes som det ikkje er heilt optimalt bygd for å avgrense arealbruken. Planlagd anlegg ved Grødaland legg beslag på om lag 70 dekar, her inngår også eit større areal til handtering av biorest.

biogass bil2.jpg

Transport av husdyrgjødsel til anlegget – fotograf Anfinn Rosnes

Ribe Biogass eig 3 semitrailerar der 5 sjåførar køyrer husdyrgjødsel inn, og biorest ut på skift. Det er kontinuerleg transport inn og ut av anlegget. Det er difor viktig at større biogassanlegg ligg i område med god infrastruktur, samstundes som det bør ligge nærast mogleg dei gardsbruka der det blir henta og levert gjødsel.

Kor bør eit større biogassanlegg etablerast?  

Fleire aktørar har avklart lokalisering for sine anlegg, medan andre no er på leit etter eigna tomter. Eit større biogassanlegg vil kunne krevje mellom 40 og 100 dekar. Biogassanlegg av ein slik storleik vil ikkje vere i tråd med LNFR-område i kommuneplanen. Kommuneplan skal leggast til grunn for etablering av ny verksemd, då i område som er avklart til utbygging. Samstundes har eit biogassanlegg ei klar tilknyting til landbruk, og bør lokaliserast slik at transportbehovet ikkje blir større enn nødvendig. Å vente på ny vedteken kommuneplan der lokalisering blir avklart kan vere den beste løysinga, men det vil truleg ta for lang tid. Dei klare nasjonale måla om bruk av husdyrgjødsel inn i biogassproduksjon tilseier at vi må søkje ei løysing med raskast mogleg resultat. Det er likevel nødvendig at plasseringa blir avklart i ein planprosess.

Det blir krevjande å få etablert anlegg med så store konsekvensar gjennom dispensasjon frå plan. Om det skulle vise seg at den mest optimale plasseringa blir i eit LNFR-område, må avklaringa skje gjennom ein planprosess med nødvendig konsekvensutgreiing. Etablering av biogassanlegg krev også løyve etter forureiningslova. Ei god lokalisering tar omsyn til logistikk kring henting og levering av gjødsel – og til naboskap og vegkapasitet. Vi minner også om at det er viktig å avgrense tap av dyrka jord og viktig natur.

Vi skal ikkje meine noko om kven som bygger slike anlegg, men vi ønskjer å bidra til ei fornuftig lokalisering. Dersom eit anlegg basert på 600 000 tonn husdyrgjødsel blir realisert ein stad er det vanskeleg å sjå for seg at det er gjødselgrunnlag for eit tilsvarande anlegg i nærleiken. Biogassaktørane må sjølve ta stilling til dette, og kommunar og regionale styresmakter må bidra for å få gode løysingar.

Statsforvaltaren vil gjerne bidra til framdrift i realiseringa av biogassanlegg, og ser helst at det er ein dialog mellom kommunar når det gjeld lokalisering. Her er det også viktig med ein god dialog med regionale styresmakter tidleg i prosessen.

Gardsbaserte anlegg

Mindre gardsbaserte anlegg er normalt i tråd med LNFR-føremålet, og er saker som blir avgjort på kommunalt nivå.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.