Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland
- Dato:
- 29. mai 2024 09:00 - 30. mai 2024 16:00
- Stad:
- Ryfylke Fjordhotell, Verven 9A, 4230 Sand
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- Landbruksforvaltninga i Rogaland
Tradisjonen tro arrangerer Statsforvaltaren i Rogaland fagsamling for landbruksforvaltninga i stat og kommune. Her blir vi betre kjent med andre med same jobb, og får fagleg påfyll. I år held vi oss i Ryfylke og overnattar på Ryfylke fjordhotell i Sand.
Nytt av året er at vi tar busstur med synfaring på dag 1, og fagleg innhald på dag 2.
Denne samlinga startar med busstur med besøk på garder i Ryfylke og mykje anna spennande, onsdag 29.mai. Det er planlagt to ulike bussturar som vil bestå av litt ulike tema. De kan velje ein av desse to turane. Begge bussturane avsluttar turen på Ryfylke fjordhotell i Suldal på ettermiddagen. Her blir det middag og overnatting. Torsdag 30. mai vil bestå av ei samling med fagleg innhald på Ryfylke fjordhotell.
Program
Onsdag 29. mai
Dag 1 – Busstur
Det er planlagt to bussturar som du som deltar kan velje mellom. Turane har litt forskjellige tema og vil besøkje ulike stadar. Buss 1 vil ha avreise frå Stavanger Bussterminal, undervegs i bussen vil representantar frå kommunane me besøkjer fortelje om landbruket i sin kommune. Buss 2 vil ha avreise frå Sand sentrum/hurtigbåtkai. Meir detaljert program for turane kan du sjå under, og det vil kome meir informasjon etter kvart. Me tar atterhald om endringar i programmet.
Buss 1- Strand og Hjelmeland
Turleiar: Tonje Rostad Solhus frå statsforvaltaren, ein representant frå landbruksforvaltninga i Strand kommune og ein representant frå landbruksforvaltninga i Hjelmeland kommune
09.15 Avreise frå Stavanger bussterminal
09.20 Stopp innom Fiskepirterminalen og hentar dei som kjem med båt til Stavanger
Der serverast noko mat undervegs i bussen
10:15 Besøk hos Melhus Barkved, Strand kommune
Trefjøs med mjølkeproduksjon
11:00 Besøk hos gardssag hos Magne Jakob Bjørheim, Strand kommune
Gardssag med store dimensjoner og sau og hytteutleige
Informasjon om landbruket i Hjelmeland på bussen
12:30 Besøk hos Geirmund Helgøy på Helgøy, Hjelmeland kommune Dyrking av eple og morellar
14:00 Lunsj på Smaken av Ryfylke
15:20 Besøk hos Apal Sider ved Dan Olav Sæbø, Hjelmeland kommune
jordbruksproduksjon, næringsutvikling
17.20 Framkomst Ryfylke fjordhotell
Buss 2 – Suldal
Turleiar: Atle Aasberg Hellumbråten frå statsforvaltaren og ein representant frå landbruksforvaltninga i Suldal kommune
09:45 Suldalsføret – Ritlandsneset. Besøk hos Ole Martin Eikeland,
Mjølkproduksjon, ombygging, gardssag, og kulturminner
11:00 Hestekatedralen. Besøk hos Mina og Njål Lunde
Landbruksbyggninger i tre
12: 15 Hamrabø - Bjørkebes gard. Besøk hos Marit og Jarle Tveit
UKL-område. Tildelt Olavrosa - Norsk Kulturarv frå 2022
Lunsj på Hamrabø. Lunsj frå Energihotellet med lokal mat og drikke
13:50 Våge, Besøk hos Helene og Lars Vaage
Honning, ved, sau, styvingstrær, kraftverk og vindkraft planar. Kanskje får du sjå korleis Englandskabelen ser ut?
15:30 Hanakamneset. Besøk hos Åse Marit og Rolf Henrik Tveit
Eldhus med bakeromn og produkt av utegangargris. Me får ein smak av baksten.
16:40 Framkomst Ryfylke fjordhotell
For at ikkje bussen frå sør blir for full, er det lagt opp til at dei fleste av dokke frå Haugalandet møter på Sand. Undervegs blir det servert god lunsj. Turen vil ta dykk igjennom mykje fint kulturlandskap i vakre Suldal.
Me håpar de vil bli med på denne turen som vil innehalde mykje spennande
Fellesdel på kvelden
19:00 Felles middag på Ryfylke fjordhotell
Torsdag 30. mai
Dag 2 vil bestå av fagleg innlegg, program for dagen kan du sjå under. Me tar atterhald om endringar i programmet.
Dag 2 – Fagleg innhald
08:30 Velkommen v/Monica Dahlmo
09:00 09:50 Næringsutvikling
Nettverk for betre dyrehelse og dyrevelferd v/Hanne Elin Herrebrøden Innovasjon Norge - v/Olav Tegle
Fagskolen Rogaland
Informasjon om nytt studieprogram i "Grøn mangesysleri og entreprenørskap"
09:50 Pause
Stand frå Fagskolen i Rogaland
10:10 Areal og eigedom
Kort om endringar i konsesjonslova og eksempelsaker deling, konsesjon, bruksstruktur, pris, AS v/Malene Hassel Sørensen, Helene Medhus Skedsmo og Rune Lian
11:00 Lunsj
12:00 Skog
Meldeplikt på hogst, oppfølging av foryngingsplikta, vegbygging og nye regler v/Atle Aasberg Hellumbråten, Morten Svanes og Stein Bomo
12:50 13:10 Pause
13:10 14:00 Miljø og tilskot
Gjødselvareforskriften og kommunes tankar v/Vindafjord kommune og Monica Dahlmo
14:00 Takk for i dag og oppsummering v/Monica Dahlmo og Anfinn Rosnes
14:45 Hurtigbåt tilbake til Stavanger
For å melde deg på årest fagsamling i Ryfylke klikk her
Vil du delta på årest fagsamling, må du melde deg på innan påmeldingsfristen tirsdag 2. april.
Har du spørsmål eller innspel til fagsamlinga så kan du ta kontakt.
Priser
- Full konferansepakke enkeltrom – kr 4 000,00
- Full konferanse dobbeltrom pr. person - kr 3 200,00
- Dagpakke dag 1 - kr 1 800,00
- Dagpakke dag 2 - kr 1 000,00
- Middag 29.mai - kr 1 000,00
- Dagpakke dag 1 + middag – 2 800,00
- Dagpakke dag 2 + middag – 2 000,00
- Dato:
- 29. mai 2024 09:00 - 30. mai 2024 16:00
- Stad:
- Ryfylke Fjordhotell, Verven 9A, 4230 Sand
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- Landbruksforvaltninga i Rogaland