Markdag småskala grønsaksproduksjon på Haugalandet

Dato:
27. juni 2023 10:00 - 15:00
Stad:
Karmøy og Etne
Arrangør:
NLR Rogaland
Målgruppe:
gartnarar, tilsette i landbruksforvaltning og rådgjevarar
Framvising av handreiskap på Sandnes andelslandbruk. Foto: Annabell Pfluger

Hjerteleg velkomen til nye og erfarene gartnarar til markvandring med Hans Gaffke, grønsaksrådgivar i Norsk Landbruksrådgjeving.

Publisert 05.06.2023

Hans Gaffke blir med på markvandringar i Rogaland med tema dyrking av småskala grønsaker etter økologiske prinsipp. Hans har mange års erfaring med rådgiving innan økologisk dyrking av grønsaker, og har fleire år vore med på markdagar her.

Alle interesserte er vel møtt ein eller fleire av følgjande stader:

  • Karmøy 27. juni kl. 10:00 hjå Ådland andelslag, Kristine Kalstø, Søre Ådlandsveg 22, Åkrahamn.
  • Etne 27. juni kl. 14:00 hjå Eikanes andelshage, Ingemund T. Askeland, Gamlevegen 321, Etne.
  • Sandnes. 28. juni kl. 09:30 hjå Sandnes andelslandbruk, Torill Østraat, Vatneliveien 33, Sandnes.
  • Klepp. 28. juni kl. 12:00 hjå Anda Andelsgard, Brekkevegen 5, Klepp st.

Vi legg opp til dialog med erfaringsutvekslingar kring ugraskamp og dyrkingsteknikk ute i grønsakskulturane samt direkte omsetning.

Pris for ei eller fleire markvandringar: medlemmer i NLR gratis, ikkje medlemmer kr. 300,- per driftseining. Servering av kaffi, te og kjeks.

Inga påmelding.

Ved spørsmål kan du ta kontakt med Ane Harestad på ane.harestad@nlr.no.

Dato:
27. juni 2023 10:00 - 15:00
Stad:
Karmøy og Etne
Arrangør:
NLR Rogaland
Målgruppe:
gartnarar, tilsette i landbruksforvaltning og rådgjevarar